søndag 7. juni 2015

Spennande kurs med Ingeborg Strupstad!

Mange av kursa våre som har kursholdarar som opnar opp for at vi skal få lære mange effekter og teknikkar i eitt kurs.

Ingeborg Strupstad som er veskedesigner, er ei av dei, og akkurat i dag er ho kanskje ekstra aktuell!! For her på Vestlandet regnar det og regnar det, og akkurat i dag ekstra mykje! Det er på ein slik dag vi treng den smarte veska som Ingeborg har på kurset sitt; VESKE MED PLAST PÅ SIDENE!!



Med plast på er veska brukandes i all slags ver, men plasten har også ein annan "misjon"! For under plasten kan du plassere det meste, alt frå tekstar, strikk, stitchery, til ulike effekter innan "Art Quilt".  PÅ bildet over ser du at inspirasjonen til ein flott front er ei artig klokke!! Så om du vurderer å gå på dette kurset, så må du begynne å sjå deg rundt om du ser figurar/modellar i enkel stil som kan plasserast i ein veskefront. Husk at det enkle ofte gjev best resultat, og eit enkelt motiv kan det også byggjast vidare på! Her er moglegheitene mange, og Ingeborg hjelper kvar enkelt til å lage si spesielle veske. Her er klipp frå heimesida hennar:

Bær deg selv
med stolthet

Hva med en veske som
forteller noe om hvem du er?
Jeg designer vesker ut
i fra din personlighet.
Etter en prat med deg, blir
farger, stoff, knapper, «stæsj»
og duppedingser plukket
spesielt ut til din veske.
Din veske blir helt unik,
slik at du stolt kan si: – d'miSi!

 Gå inn på heimesida hennar og sjå alle dei artige tekstane ho har på nokre Stitchery!  Blir du inspirert til å sy noko liknande til kurset, så har du no heile sommaren til å sy på!!




Ved søk på nettet er det mange bilder av vesker frå kurs med Ingeborg.


På sida til Lappestua i Ålesund finn du eit langt innlegg om kurset dei hadde med Ingeborg.

Eit liknande kurs som vi skal ha, hadde Ingeborg på kurs på Norsk Quiltefestival på Gardermoen i fjor haust. På nettet ligg det framleis ute DENNE materiallista til det kurset, dette kan kanskje være litt rettleiande for vårt kurs også, slik at vi er litt førebudde på innholdet. ( endeleg materialliste blir sendt ut tilkursdeltakarane seinare!)


På sida til Quilt-design finn du bilder av denne og fleire vesker.

Dette kurset med Ingeborg er på 6 timar, og det går både laurdag og søndag. Du kan då kombinere dette kurset med eit anna dagskurs! Her er fremdeles ledige plassar, så du har denne veka til å bestemme deg for kurs!

Husk påmeldingsfristen 15.6!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar