fredag 23. oktober 2015

Litt av ei helg!!


Vi hadde besøk av to lokalaviser under treffet, og over her er eit bilde som kom i avisa Fjordenes Tidene som kjem ut i Måløy.

Journalist Jørn-Arne Tomasgard har skrive artikkelen under her. Vil du lese den direkte på avisa si nettside, finn du linken HER.

Inger Starheim kunne smile breiare enn dei fleste etter quiltefestivalen på Eid i helga.
– Litt av ei helg, fastslår stårheimaren der ho står med ein av hovudgevinstane i loddtrekninga, ei ny symaskin til 7.000 kroner.
Det verka som ho hadde dei andre 200 kvinnene på Vestlandstreffet med seg i oppsummeringa. For det var berre smil å sjå, og godord å høyre. Inspirerande, lærerikt og sosialt, var ord som gjekk att på Eid ungdomsskule der treffet vart skipa til fredag til søndag for tredje gong.
– Inspirerande med så mange damer med same interesse samla. Og sjølvsagt lærerikt å vere med på kurs. Eg har brukt mykje pengar, men no trur eg at eg er i pluss, seier Starheim med symaskina i handa.
Kurshaldarar frå utlandet
Det kom kurshaldarar frå Sverige og Danmark i tillegg til Noreg. Det vart mellom anna laga teppe, lommebøker, nåleputer og vesker. Definisjonen på å quilte er å sy to eller fleire lappar saman til ein større kreasjon. Leiar i arrangørklubben Nordfjord lappe- og quilteklubb, Anne Marie Holsvik, brukar ordet kunst om aktiviteten.
– Mange av oss lagar bilete. Eg vil seie det er ei kunstform, seier ho.
Klubben har 50 medlemmer frå 10 kommunar. Dei har fast treff på Eid ein gong i månaden, i tillegg reiser mange frå ytre til Åheim ein gong i månaden på treff. Leiaren reknar med at arrangementet går i pluss slik at dei har pengar å drifte den aktive klubben for.
Ei hektisk helg
Nokon som både var slitne og nøgde søndag ettermiddag, var Ingun Vaksdal hjå Primula Design og Siv Englund Smørdal på Lappestua. Begge butikkane held til vanleg til i Eidsgata, no var dei flytta til festivalen.
– Ei veldig stor helg for meg. Både inspirerande og innbringande, seier Vaksdal.
– Hektisk. Mange glade damer som har vore flinke å bruke pengar, seier Englund Smørdal og fortel at det er stor interesse for stoff, tilbehøyr og utstyr i miljøet, og at det er betalingsvilje om ein finn noko ein vil ha.
Symaskinseljar June Enerstad stadfestar at quiltarane er litt «utstyrsfreakar». Ho hadde med seg ei broderingsmaskin til 68.000. Det er i praksis ei maskin ein kan programmere til å sy alt mogleg.
– Det er mange som har sett kva dei skal drøyme om framover, fortel ho.







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar