fredag 16. oktober 2015

Foredrag ved Wenche Wolff Hatling!

Ein kjekk fredag ettermiddag og kveld på Vestlandstreff er over, og vi er klare til kurs i morgon i nesten kvar ein krok i skulen.

Og som leiar av Nordfjord Lappe- og quilteklubb sa etter foredraget ved Wenche Wolff Hatling; "No har vi nok fått mange idear og mykje å tenkje på i natt". Dette stemmer nok veldig bra!

Vi fekk eit flott og interessant foredrag med Wenche der ho fortalde om korleis ho jobbar som designer, korleis ho vert inspirert av både natur og kultur i mønstra sine.

Wenche har designa stoffkolleksjonar for Lecien, vakre stoff med mønster inspirert av  vinter og litt rosemaling!!

Den juleraude fargen er ho veldig glad i, og ho har fått den med i fleire stoffseriar ho har designa.

 Wenche produserer også mange mønster, både som quiltemønster og stitchery, eller broderusk som ho kallar det. Aller helst vil ho kombinere litt lappeteknikk med broderi som på bildet under her. Nydeleg!
Detalj frå "Alle fugler".
Små stjerner over handsydde malar på amerikansk vis. Dette er fint arbeid å ha med i veska når ein er på reise, sa Wenche.  Mønsteret til dette teppet kom også i eit amerikansk quilteblad.
 Auditoriet var heilt fullt av ivrige quiltarar, om du studerer nøye, så er dei også ivrige fotografar!!

 " Hollandsk blå" er eit teppe med både applikerte blomster og stitchery.  Etter foredraget var det høve til å sjå nærare på teppa til Wenche, og dei vart beundra, studert og fotografert.



Visst var det mykje inspirasjon å hente, tusen takk for eit flott foredrag Wenche!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar