Denne veska er ei av dei som vart sydd på kurset, HER finn du bilder frå kurset.
Liv Ingunn er medlem av Gloppen Lappe-og Quilteklubb, og er ei svært kreativ dame. Ho er som nemnt over, oppteken av gjenbruk, og ho har brukt dongery også til flotte toalettvesker.
Ho har eigen blogg, Quilteliv, her har ho lagt ut mange bilder av det ho lagar. "Rull" bakover i heile 2014, då vil de sjå kor kreativ og produktiv denne dama er!
Dette er Studentveska/Marieveska ho har designa, HER finn du innlegget om den.
Ho har laga mange toalettvesker, alle med spennande dekor, litt gammalt og litt nytt. Og dess meir pynt og detaljar det er på dei brukte buksene, dess meir verdifull vert den i gjenbruket.
Då håpar vi at det er mange som no gleder seg til å møte denne kursholdaren!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar