tirsdag 10. november 2015

God quiltemat!

Det mangla ikkje på god mat på alle fat denne helga! Det krevst ei god planlegging med servering til rundt 150 svoltne quiltedamer ei slik helg, men vi håpar at dei fleste hadde ei god "matoppleving" også.

På slike arrangement vil det alltid være nokre som har ulike allergiar, dette tok vi medlemmane omsyn til i kakebaksten vår. Kokken vi leigde inn til all varm servering på ungdomsskulen, Runar Gudmundsson, er kjøkkensjef på Nordfjord sjukehus, og kan vel seiast å være ein trygg ekspert på dette! Nordfjord hotell stod for det flotte koldtbordet under festmiddagen vår laurdag kveld, der var det også godt informert om dei ulike matrettane.

Her er ein liten kavalkade over maten som gav energi til alle quilteglade damene og gjestar som var innom utstillinga vår og åt i quiltekafeen!

 Nydelig fiskesuppe vart servert fredag kveld på flotte Egersund-tallerkenar!

Ein liten suppe-pause for nokre av arrangørane!
 Lunsj laurdag; lasagne med brød og salat, kokken Runar og kona hans stod der like blide kvar dag og serverte oss. Søndagslunsjen var steik og kjøtkaker. Så mykje nydelege varmrettar gjorde at dei hausta mykje ros for maten frå gjestane våre. Velfortent!

Vi delte kursdeltakarane i to puljer, her vart ein enkel gang i skulen trylla om til ein lekker resturang med quiltar som veggdekor! Håpar at maten smaka!!


Vi hadde ståande framme kakebord alle dagane og med rundt 50 medlemmer som laga kaker,......ja så vart det også eit rikholdig kakebord for einkvar smak!!
 Denne flotte quilta kaka vekte mykje merksemd!! Nydelig og kreativ kake!






 To medlemmar styrte kafeen på omgang. .....og kafegjestane kosa seg!

1 kommentar: