onsdag 30. september 2015

Kursinfo!

I morgon er det oktober og det er berre 16 dagar til vi møtest! Mange har meldt seg på dei flotte kursa vi arrangerer, i alt 17 kurs vil det bli desse dagane. I tillegg vil vi ha "Drop-in-kurs" både laurdag og søndag. Info om desse kjem i eit anna innlegg.

Det er gjort ei endring på oppsett kursliste: Kurs nr. 9 med Randi Røys vil no gå berre søndag 18.10. Dei som var påmelde laurdagen er informerte og er flytta til søndag. Vi har fått spørsmål om det på dette kurset er mogleg å få sy den flotte "Stokkrose-løparen", og etter å ha kontakta kursholdar, så har vi fått bekrefta dette.

 Denne løparen har ei stokkrose som går over heile lengda på løparen, og den kan like gjerne brukast som eit veggoppheng.

Kurset startar med å sy ein basisløpar etter eit mønster, deretter applikerer ein på motiv. Det er mange som har sydd denne løparen med rosemotiv, og Randi har laga ei mønstersamling der ein kan ha ulike motiv tilpassa alle årstider. Om ein vil ha eit eige motiv, er dert sjølvsagt høve til å ta med det. Randi er erfaren med applikasjon og fargeval, så her får du lære lure triks til å få eit flott resultat.
Om nokon no vil melde seg på dette kurset i siste liten, så er her nokre ledige plassar! Ta då kontakt på epost snarast til Anita Knapskog  på epost: anita.knapskog@hotmail.no 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar