fredag 16. januar 2015

Anne Pia Godske Rasmussen!

Då kan vi glede dykk med at vi får besøk frå Danmark også, kjende Anne Pia Godske Ramussen!

Mange av oss har nok ei eller fleire av bøkene hennar frå Klematis forlag; "Træd nålen", "Tag tråden opp", "Noas ark", "Flowerpower patchwork", ho har gitt ut minst 11 bøker! 

Men det er kanskje ikkje så mange som har gått på kurs med henne, og lært av henne å lage mange av desse småtinga ho viser i bøkene. Og når ein googlar litt på nettet, så anar ein at det ho viser i bøkene, er berre ein liten del av det ho lærer frå seg.


Ho har halde fleire kurs i Danmark, men også i Norge, så det er kjekt at ho no vil komme til oss.
 Bildet over og under her er henta frå sida til Arctic Quilter, der har ho halde kurs tidlegare.

Ein dansk quiltar skriv dette på bloggen sin etter eit kurs med henne:
Sjove brugsting
Brandbjerg Højskole ved Anne Pia
Godske Rasmussen, juni 2014
De første dag på højskoleopholdet 2014
havde jeg fornøjelsen af have Anne Pia
som underviser. Hun havde taget mange 
nye spændende modeller med, som vi
kunne sy. Først kastede jeg mig ud i en
Dresdenplatte med takker, se under
Patchworkartikler > Dækkeservietter og
grydelapper. Derpå prøvede jeg kræfter
med en cylinderpose med snørrelukning,
se under Patchworkartikler > Tasker.
Tak til Anne-Pia og hold 3 for nogle
enormt hyggelige og produktive dage.





 Desse bilda er henta frå søk på internett.

Vi trur at Anne Pia kjem til å gje oss mange nye idear, så gled dykk til den endelege kursplanen kjem!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar